Sprek hundreåring på Ålvundeid

Søndag 17. november fyller Erling Auestad på Ålvundeid hundre år.

GAMLE BILETE: Erling Auestad studerer bilete frå krigen. Arkivfoto frå 2010: Inge Nordvik 

Nyheter

Driva sine lesarar fekk høve til å bli betre kjent med den spreke jubilanten for knapt ti år sidan. Det hadde seg slik at vi fekk inn eit tips frå ein ålvundeiding om ein usedvanleg sprek pensjonist som var i full sving med innhausting av gras på Skauland. Driva tok utfordringa på strak arm, og der trefte vi far og son Erling og Oddgeir i full sving. Det var senior som manøvrerte forhaustaren medan junior frakta graset.

I kaffepausen etterpå hadde Erling lyst til å vise fram minne frå krigens dagar. Det hadde seg slik at ein av medsoldatane hadde fotoapparat, og dermed kunne krigshendingane dokumenterast for ettertida.

Og ikkje nok med det: Erling hadde sirleg ført dagbok frå hendingane, og denne har kona Lilly i ettertid reinskrive. Vi vart samde om at Driva kunne få lov å publisere dette materialet i ein artikkelserie, noko som vart gjort.

Etter at dette var gjennomført, så var det naturleg at Driva og var behjelpeleg med å samla alt i eit hefte som vart produsert i eit begrensa opplag. Dermed vart det eksklusive julegåver til slekt og venner dette året.

Desse dagboknotatane har seinare vorte publisert i Sandnes historielag si årbok for 2019. Der er det 11 sider med tekst og bilete frå krigsopplevingane til Erling og fram til han kom tilbake til heimplassen.

Auestad kjem frå Auestad i Høyland, noko dialekta den dag i dag ber tydeleg bod om. Til Sunndal kom han først som soldat i Garden. Avdelinga hans kom ned Sunndalen og vidare til Tingvoll i slutten av april 1940, og der vart soldatane dimittert.

I 1948 fikk han jobb som kontrollør ved Sunndal Meieri. Erling fekk husrom hos Arne Furu. Der vart han kjent med Lilly, som han seinare vart gift med. På femtitalet tok han imot eit tilbod om forpaktarjobb på ein gard i Våle i Vestfold, før dei kom tilbake og Erling fekk seg jobb i Gartnerhallen.

I 1959 fekk dei tilbod om å kjøpe Skauland av Magnhild Husby. Der vart det mykje nybrottasarbeid. I åra som har gått har det vorte dyrka opp eit par hundre mål, og mykje steinplukking har det vore. På Skauland har Erling og Lilly hatt eit godt og rikt liv.

Erling er ein god forteljar, og dei som kjem til Skauland føler seg alltid velkomne til Lilly og han. Driva stiller seg i rekka av gratulantar!

MITRALJØSESTILLING: 96 Auestad i stridsstilling ved Mjøsa april 1940. 

KRIGSUTBROTET: Dette biletet er teke 9. april 1940. Frå venstre 96 Auestad, 95 Eichinger og 97 Bråten. 

Ble invitert til premieren:

– En viktig film!

Det sier representanter fra Indre Nordmøre forsvarsforening og krigsveteran Erling Auestad, som ble invitert til premieren på den norske storfilmen Kongens Nei.



– Arbeidsgleda er drivkrafta

På garden Skauland på Ålvundeid styrer Erling Auestad (92) forhaustaren med stø hand.