Kokkedag med fokus på smaksglede og ernæring

Det var liv og engasjement på kjøkkenet da elevane i 7. trinn ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter fekk besøk av «kjendiskokk» Per Ivar Beget frå Norsk Smaksskule. Saman laga dei sunn og god mat til heile skulen.
Nyheter

Norsk Smaksskule er eit prosjekt i regi av Norsk Kulturarv – etter idé frå landets kanskje mest kjende kokk; Arne Brimi. Her tilbyr dei gratis kurs for tilsette i skular, barnehagar og SFO, som treng fagleg påfyll til korleis dei skal jobbe med smak, mat og råvarer med ungane.