Fekk kontrakten på å restaurere hovudhuset på prestegarden:

Lervike var billegast, og vi veit at dei gjer skikkeleg arbeid

Handverksbedrifta Lervike AS i Jordalsgrenda startar i desse dagar arbeidet med å restaurere hovudbygninga på Nesset prestegard.

FLOTT PRESTEGARD: Nesset prestegard blir sett på som ein av dei flottaste prestegardane i landet. Formidlar Bjørn Ølander ved Romsdalsmuseet gler seg på å sett hovudhuset i stand. 

No skal vi bruke ein stad mellom fem og seks millionar kroner på istandsetting og utstillingar i huset.

Nyheter

Etter mykje om og men vart det i januar i år klart at det er Romsdalsmuseet som er den nye eigaren av Nesset prestegard. Opplysningsvesenets fond (OVF) har dei seinare åra selt fleire prestegardar etter at buplikta for prestane vart oppheva. Fondet var lenge i tvil om prestegarden i Nesset skulle seljast, men kom etter kvart fram til at det var det rette.