Stappfullt på julemarknad på prestegarden

Freddy Svensli forvandlar gamle femøringar og sølvskeier til dei flottaste ringar. Han debuterer som utstillar på helgas julemarknad på Nesset prestegard. Saka er oppdatert med fleire bilde.
Nyheter

lDet er aldri råd å vere sikker på kor mange som kjem når ein inviterer til julemarknad eller julemesse. Både arrangørane og utstillarane på helgas julemarknad på Nesset prestegard har all grunn til å vere fornøgd. Laurdag var det tidvis stappfullt med folk, med ein ekstra topp da Nesset menighets barnekor opptråde med fleire flotte songar. Marit Elisabeth Svensli og Erik Fostervoll har verkeleg eit kor dei kan vere stolte av.