Romsdal Sogelag sitt årsskrift for 2019:

Lokalhistorie på sitt beste

Romsdal Sogelag sluttar aldri å imponere. Årsskriftet som medlemane nyleg har fått tilsendt inneheld mellom anna fleire interessante saker frå Nesset.

står på: Bjørn Austigard med årets årsskrift der forsida har eit bilde av Bjarne Liens kvartett. Foto: Bjørn Brunvoll, RB. 

Nyheter

«Her er årsskriftet 2019. Større enn nokon gong. Mellom permane er det 36 bidrag skrivne av 33 forfattarar. Stofftilgangen er svært god, og alt i juni i år måtte vi ha «inntaksstopp», skriv Bjørn Austigard i forordet til årsskriftet. Han har med seg Randi Ingunn Selnes og Dag Skarstein som medredaktørar.