Med Pønsj og P17 vart det julestemning

Når Bernt Bøe og P17-koret inviterer til julekonsert da veit du at julestemninga er på gang, og at jula eigentleg nærmar seg med stormskritt.
Nyheter

Søndag kveld var julekonserten i Todalen kyrkje, og i tillegg til P17-koret var konserten forsterka med Nina Ryan Braaten som gjestesolist og med koret Pønsj frå Kristiansund - og sjølvsagt kasta organistveteranen Tor Strand frå Tingvoll glans over arrangementet på orgel og piano.