Julerevy med utdeling av heiderspris

3. juledag var det julerevy med lun og god humor - samt utdeling av heidersprisen "Den Gyldne patron" i Todalen.
Nyheter

Julerevy er tradisjonelt ein del av julefeiringa i Todalen - den høyrer liksom med og har gjort det så langt attende som vi kan hugse. Det er jammen ein god tradisjon å føre vidare og med storsalen full av publikum er det og tydeleg at folk sett pris på julerevyen. Frå år til anna har det vore generasjonsskifte i revystaben, og slik er det i år - mange nye er komne med i revyarbeidet, og på mange måtar har julerevyen fått ein ny giv.