Nybegynnarkurs i dataklubben:

Viktig å kunne kvardagsdata

Det er krevjande ikkje å kunne noko om data i eit samfunn der stadig meir av kommunal informasjon samt skatt og betalingstenester blir å finne berre på nett.

Dataklubb: Rindal dataklubb samlast kvar måndag i Frivilligsentralen, og rundt bordet ser vi Ragnhild Stavne Bolme, Ann Grimsmo, Sigrid Nerbu, Dagny Karlstrøm, Tordis Sveen og Lisbeth Stenbro. Anni Karlstrøm og Ole Trygve Foseide er med som støtteapparat. 

Nyheter

Rindal dataklubb samlast i Frivilligsentralen på sentrum kvar måndag.

Deltakarane er nok ikkje meir enn gjennomsnittleg datakunnige, men kjenner at dei treng desse treffa for å halde kunnskapen ved like.

– Det blir no mest error, humrar Ann Grimsmo til latter rundt bordet.

Og om du ikkje veit kva error er, ja, då er du i målgruppa for eit nybegynnarkurs som startar med informasjonsmøte i Frivilligsentralen kommande måndag.

– Det er ikkje enkelt i eit samfunn som blir meir og meir basert på nett og data ikkje å kunne noko om det i det heile tatt, seier Ole Trygve Foseide.

Han er noko meir datakunnig enn folk flest, og er med i dataklubben som støtteapparat.

Dei har også med seg leiar i Frivilligsentralen, Anni Karlstrøm, og Anne Antonsen, som også vil bidra med å lære frå seg når det no blir nybegynnarkurs.

Ivrige etter å lære: Deltakarane i dataklubben er hungrige etter alt dei kan lære av Anni Karlstrøm og Ole Trygve Foseide. Komande måndag vil det bli halde informasjonsmøte om nybegynnarkurs. 

 

– Vi får stadig høyre at folk ikkje tør å vere med i dataklubben av di dei trur vi kan så mykje. Det skal dei i alle fall ikkje vere redde for, seier Ragnhild Stavne Bolme.

Ho understrekar at dei hjelpest litt åt i tillegg til at dei finn at Ole Trygve og Anni er gode å ha når det er noko dei likevel lurer på.

Men nybegynnarkurset er altså både for dei som har prøvd litt, og for dei som er heilt blanke framom tastaturet.

Her får du lære det heilt grunnleggande både med maskina og vanlege begrep som er bruka i dataspråket – og etter kvart å gå inn på nettet for eksempel for å kunne betale rekningane dine på nettbank.

Slikt er enkelt for den som kan det, men for den som aldri har prøvd, vil det nok verke heller håplaust.

Om du vil delta på kurs, er det berre å melde frå til Ole Trygve Foseide eller Anni Karlstrøm – eller rett og slett berre å møte opp på informasjonsmøtet på måndag.

Foseide opplyser at så langt har seks meldt seg på, så det blir kurs i alle fall.

Og så blir det avtala på måndag når det passar best for folk å ha kursdagar eller -kveldar.