Statens vegvesen legg fram forslag til kommunedelplan:

Har oppjustert trafikkgrunnlaget for Todalsfjordprosjektet

Statens vegvesen har lagt fram forslag til kommunedelplan for Todalsfjordprosjektet. I plana er døgntrafikken på det ferdige sambandet oppjustert frå 1400 til 1680 bilar.

710 meter: Hengebrua mellom Rakaneset og Svinvika får ei lengde på 710 meter. Skisse: Statens vegvesen. 

Det kan ikkje understrekast nok dei enorme positive verknadene Todalsfjordprosjektet vil gje for både næringsliv og øvrig befolkning på Indre Nordmøre.

Nyheter

Det er eit omfattande planforslag vegvesenet på oppdrag frå fylkeskommunen har sendt til kommunane Surnadal og Sunndal samt til fylket si samferdselsavdeling. I plana er det lagt til rette for å gå vidare med detaljreguleringa av strekninga frå Ålvundfossen til Øygarden i Surnadal. Hovudelementa i planforslaget er ein 4,21 kilometer lang tunnel frå Ålvundfoss til Rakaneset. Deretter ei 710 meter lang hengebru over fjorden frå Rakaneset til Svinvika. Derifrå skal det byggast ny veg opp til Åsbøen.