Gir seg etter 12 år som "vikar" for næringslivsarbeidet i Nesset

– Eg har møtt mange imponerande dyktige folk gjennom jobben i Nesset Vekst seier Ulrik Molton.

Næringshuset: – Flotte lokale å vere lokalisert i, seier Rolf Jonas Hurlen og Ulrik Molton. 

Vi er også i gang med å utarbeide ein masterplan for reiselivet som omfattar nye Molde kommune pluss Aukra. Nesset prestegard, Kavli Moen gard og Eikesdal er stikkord.

Nyheter

Han tok over leiarjobben i det som den gongen var Nesset Næringshage i 2007. Rolf Jonas Hurlen hadde hatt jobben i knapt to år da han vart vald til ordførar i Nesset. Dermed måtte styret finne ein erstattar. Ulrik Molton hadde vore tiltakskonsulent i Nesset og var tilsett ved næringshagen i Sunndal da han sa ja til å gå inn som vikar medan Hurlen var ordførar. At det skulle gå 12 år før vikarjobben var unnagjort, hadde nok ingen av dei heilt sett for seg.