Ny leiar i fotballgruppa

Nytt styre vart vald da fotballgruppa i Surnadal IL hadde årsmøte måndag. Ellbjørg Haugen Larsen blir ny leiar.

Ellbjørg Haugen Larsen er vald til ny leiar i Surnadal IL Fotball.  Foto: Surnadal IL

Nyheter

Det er Surnadal IL som opplyser dette på heimesida si.

- Det er med glede vi kan dele at Ellbjørg Haugen Larsen blir ny styreleiar i fotballgruppa. Larsen gler seg til å ta fatt på oppgåva og ser fram til å lage "den gode garderobestemninga" saman med resten av styret, skriv Surnadal IL.

Ho trer inn i leiarstillinga etter årsmøtet til Surnadal IL Hovedlaget den 12. mars.

Det nye styret ser slik ut:

Leiar: Ellbjørg Haugen Larsen

Styremedlem BUA: Trond Ellevset Blekken

Styremedlem Anlegg: Bjørnar Strand

Styremedlem Senior: Sondre Næss Bolme

Styremedlem Arrangement: John Ingebrigt Gjerstad

Styremedlem Fri rolle: Svein Ola Fiske