Misjonsforening jubilerer - 175 år

Skjer i Todalen.
Nyheter

I år fyller Todalen Misjonsforening, «gammelforeninga», som ho også er kalla, 175 år, berre tre år etter at landsorganisasjonen «Det Norske Misjonsselskap (NMS) feira 175 år, skriv todalen.no.

Det er utruleg at det i 1845 vart starta ei misjonsforening i ei avsidesliggjande bygd som Todalen, ei av dei første i landet, og den første foreninga i bygda, som også var det einaste organiserte laget i meir enn tjue år.

Heilt sidan foreninga starta har det stort sett vore halde regelmessige møter og ført nøyaktig møtebok og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Eit historisk og kulturelt klenodium.

Les meir her.