Debatt

«Kjøttskam» i Høgre!

Lesarinnlegg.

Frank Sve.  Foto: Sigmund Tjelle

Nyheter

«Har det rabla for Høgre når eg les i RB at Høgre liksom skal redde verda ved å ikkje ete kjøttmåtid?»

Kvar har Høgre blitt av, partiet som var lett å kjenne igjen på høgresida i Norsk politikk.

Olav Bratland og Høgre holdt stø kurs, og det var lite fjas og «kjøttskam» den tida her i fylket.

No opplever vi eit Høgre her i fylket som angriper oss som et kjøtt, og utfordrar landbruksnæringa og matfylket nr 1 her i landet med slikt forbaska «tøv».

Alle forstår, at om vi i bittelille Norge sluttar å ete kjøtt, endrar vårt levesett og endrar vår velstand, « reddar vi slett ikkje verden».

Dette er så greinalaust at det neste er vanskeleg å forstå kan kome frå eit parti som Høgre, hadde dette vore utdrag av eit innlegg frå MdG så kunne vi nok forstått dette.

Høgre her i fylket er totalt i «spagat» når dei på den eine sida skal ha «kjøttskam» og skal redde klimaet med dette, medan dei overhode ikkje bry seg om klima og miljø eit tøddel i andre saker.

I Molde kan vi lese at ordføraren frå Høgre, der han omtalar saka om giftdeponiet på Raudsand, som ein «verkebyll i bystyret».

Høgre bryr seg altså fint lite om ein skulle få landets giftdeponi rett i «hagen til rosenes by» Molde.

I samferdsel ynskjer Høgre å bygge Møreaksen, det samferdselsprosjektet her i landet som sansynlegvis tek Norgesrekord i utslepp og forureining dersom dette skulle bli bygd.

«Ikkje mykje klima og miljø bekymring frå Høgre si side ang Møreaksen ivertfall, i eit prosjekt som i tillegg til ny verdensrekord i ny fjellovergang under sjøen, skal køyre E-39 gjennom Molde by med heile 8 rundkøyringar»

I moderpartiet sentralt i Høgre, opplever vi eit parti som på inn og utpust snakkar om klima og miljø.

Før var Høgre, Høgre. - Og Venstre, Venstre.

«No ser ein snart ikkje forskjell på MdG og Høgre, der Høgre ikkje lenger er blått men snart knall Rosa»

At Høgre også no let seg diktere av terroristar og tek inn til vårt land ein IS terrorist som brukar sine barn som skjold til å presse seg tilbake til landet ho fornektar, har skapt stor frustrasjon.

At både tillitsvalgte og medlemmar i Høgre melder seg inn til oss i FrP er slett ikkje rart, og dei er hjarteleg velkomne til oss.

Eg er glad eg tilhøyrer eit parti som verken skammar oss over vår levesett eller vår eigen nasjon, vårt frie land, med god gammaldags Norsk kultur og tradisjonar.

«Kanskje snart på tide at Norge setter Norge fyrst, og brukar både ressursane og tida vår, til vårt eige beste og på våre eigne innbyggjarar»

Ellers et vi kjøtt med god samvittighet og skal ivertfall ikkje stoppe å gjere dette fordi nokon forvirra Høgre eller MdG folk skulle meine noko anna!

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP