Krev fortgang i revisjon av konsesjonsvilkåra for Grytten kraftanlegg:

Bygdefolket vil ha fossen tilbake i fri dressur

Hovudkravet er at konsesjonen til utbygging av Austre Mardøla blir oppheva og at Mardalsfossen blir ført tilbake til naturen.

vil ha fossen i fri dressur: Hovudkravet i samband med revisjonen for Grytten-utbygginga er å få mardalsfossen tilbake i fri dressur. 

Nyheter

Det er i eit brev til kommunestyret i Molde at Eikesdal Bygdelag kjem med det klare kravet til politikarane. I år er det femti år sidan konsesjonen til Grytten kraftanlegg vart gjeve og det er høve til å krevje revisjon av konsesjonsvilkåra. Bygdelaget meiner arbeidet med revisjonen må starte umiddelbart, og peikar på Rauma kommune som ein naturleg samarbeidspartnar.