Nettpatruljen Møre og Romsdal er no operativ

Mange – spesielt barn og unge – ringer ikkje lenger, dei sender heller bilde med tilhøyrande tekst, MEMEs og GIFs, med meir. Med anna for å betre kommunikasjonen til desse, har politiet no opna Nettpatruljen Møre og Romsdal.

Nettpatruljen Møre og Romsdal illustrasjonsfoto.  Foto: Politiet

Nyheter

I tidsrommet 09–15 på alle kvardagar vil politiet i Møre og Romsdal no vere tilgjengelege for publikum på nett. Først på Facebook og etter kvart på fleire plattformer.

Måndag 17. februar vart Nettpatruljen i Møre og Romsdal opna, som eit ledd i satsinga «Politiet til stades på internett» (PTI) førebyggande aktivitet på internett og i ulike sosiale medium.

PTI er lagt under felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og driftseiningsleiar Kjell Arne Hestad er fornøgd med å komme i gang.

– Seint men godt. Det er svært gledeleg at vi nå kan opne denne kanalen inn til oss frå publikum, seier Hestad i ei pressemelding.

Ein annan måte å nå politiet

Ein kan samanlikne ein nettpatrulje med ein politipost på internett. Politiet gir råd om korleis du kan førebygge kriminalitet eller løyse konkrete problem. Du kan også kontakte nettpatruljen om du ønsker dialog med politiet.

  • Nettpatruljene tek i mot informasjon eller tips om kriminalitet på internett.
  • Nettpatruljene er betjent på dagtid.
  • Du kan ikkje levere anmeldelsar eller søknader til Nettpatruljen.

Nettpatruljen tek mot melding frå innbyggarane via Facebook Messenger, og er enkelt forklart ein annan måte å kontakte politiet på enn å ringe.

– Telefonbruken går tilbake og spesielt barn og unge har ein annan måte å kommunisere på. Dei sender bilete med tilhøyrande tekst, MEMEs, GIFer, emoji, og så vidare, med andre ord alt anna enn å ringe. For å nå fram, og for at alle desse skal få ein kanal inn til politiet, opnar Nettpatruljen desse kanalane for dei. Fyrst gjennom Facebook, men vi vil også gå inn på andre plattformer, opplyser politiet.

– Enkelte vil innvende at dei som berre brukar sosiale medium må lære seg å ringe med telefon. Men då endar vi opp med at dei let vere å ringe. Det er vi som skal vere der for dei, ikkje dei for oss. La oss gi dei ei kontaktplattform dei kjenner seg komfortable med å bruke, og det gjeld spesielt for barn og unge. Det seier fagleiar for Nettpatruljen, politioverbetjent Kenneth Larsen ved avsnitt for digitalt politiarbeid.

Nettpatruljen overtek ikkje andre sine politioppgåver, men kjem som eit tillegg.

– Facebook–ein god kanal

Nettpatruljen har først og fremst eit førebyggande preg, då internett er et medium som vert dominert av dei yngste. Derfor er ikkje bemanning av Facebook på dagtid den beste måten å nå denne målgruppa på.

– Men Facebook er i 2020 ein god kanal og basisplattform. Tanken er å bygge ut til fleire sosiale medium innan rimeleg tid. Nettpatruljen vil vere et kontaktpunkt mellom vårt publikum på internett og politidistriktet, forklarar Larsen.

Han legg til at dei vil utføre undersøkingar på internett basert på tips som kjem frå publikum. Enkel sporsikring av digitale spor, som til dømes skjermbilete og skjermopptak, sikring av nettsider, ta mot filer med saksrelevant informasjon og liknande er aktuelt.

– Vi har henta inn erfaringane frå andre politidistrikt som har drifta Nettpatrulje over tid. For vår del vert Nettpatruljen eit levande prosjekt, som må endrast, finstillast og utviklast over tid basert også på våre eigne erfaringar. Arbeidet har no starta, men er langt frå ferdig. Ta kontakt med oss. No er vi her på nett, oppfordrar han.

Politiets Nettpatrulje Møre og Romsdal på Facebook