Krev tryggleik for ungane på Nordvik - ny busslomme

Nordvik Grendalag krev busslomme ved Sollia bustadfelt på fv 671.

Ikkje trygt: Nordvik Grendelag krev busslomme for skuleungane i grenda. 

Nyheter

Ungane som bor i Sollia bustadfelt og dei som bur nedover Sletnesvegen som tek skulebussar i dag har inga busslomme eller annan egna plass å stå. Dei må stå av og på bussen på avkjøyringane og det er vel 100 meter å gå fra den eine til den andre avkjøyringa. Der går ti ungar langs ein smal fylkesveg der bilane kjøyrer inn på avkjøyringane der ungane står og venter på bussen om dei møter andre bilar.