Koronaviruset:

Husstand i Surnadal er sett i karantene

Prøver er tekne på grunn av mistanke om koronavirus-smitte.
Nyheter

Surnadal kommune opplyser i ei pressemelding at ein husstand i kommunen i dag, tysdag 3. mars, er sett i karantene av helsetenesta.

- Dette er i påvente av svar på prøvar som er tekne på grunn av mistanke om koronavirus-smitte. Dette er eit føre var–tiltak. Karantenen vil vare inntil det er kome svar på prøvane. Vanlegvis tek dette om lag tre døgn. Ny pressemelding vil bli sendt ut så fort svar føreligg, opplyser kommunen.

Meir om bakgrunnen for smittemistanken vil ikkje kommunen gå ut med førebels.

- Nei, Surnadal er et lite sted der alle kjenner alle, så for å behalde anonymiteten på vedkommande det gjeld her vil ikkje kommunen gå ut med fleire opplysningar med tanke på bakgrunnen for karantena. Som det står i pressemeldinga; dette er eit føre var-tiltak, så får vi berre avvente tilbakemelding på prøvane, seier Gunnhild Eidsli, kommunalsjef helse og omsorg.

For meir informasjon om koronaviruset og smitte, sjå fortløpande oppdatert informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Surnadal kommune viser elles til kommunen sine heimesider om korleis ein tek kontakt med helsetenesta i Surnadal ved mistanke om smitte eller andre spørsmål om koronavirus.