Redusert rutetilbod - og no kan du ikkje lenger betale kontant

Frå fredag 13. mars blir det færre bussavgangar, og frå no no kan heller ikkje reisande betale med kontantar på bussar og hurtigbåtar.

Arkivbilde. 

Nyheter

Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune:

Frå fredag 13. mars kan ikkje dei reisande betale med kontantar på bussar og hurtigbåtar. Det blir færre bussavgangar som ei følge av at alle skular er stengt. Hurtigbåtane vil fortsette å gå i ordinære ruter.

Bakgrunnen for avgjerda om kontantfrie bussar og hurtigbåtar er at FRAM ønskjer å redusere faren for smitte av sjukdom. Reisande kan nytte FRAM-appen, periodebillettar, reisekort eller vanleg bankkort.

Oppmoding til trafikantane

Dei som kan, bør unngå å reise kollektivt i dei travlaste periodane. På korte turar er det best å gå eller sykle. Reisande med ferje oppmodast å bli sittande i køyretøya sine under overfarten.

Om du skal reise med buss, hurtigbåt eller ferje ber vi deg om:

- Ingen kontantbetaling (bruk kort/app)

- Ikkje reis kollektivt hvis du er sjuk eller kan vere smitta

- Hugs god hoste- og handhygiene

- Vis omsyn til andre reisande

- Følg råda som blir gitt på fhi.no