Meiner regjeringa må revurdere oppkjøp av mjølkekvotar:

– Viktig å oppretthalde matproduksjonen og styrke matberedskapen

– No håpar eg at regjeringa og bondeorganisasjonane revurderer ordninga med statleg oppkjøp av mjølkekvotar og opprettheld mest mogleg av norsk landbruk for å sikre befolkninga både i rolege – og ikkje minst i urolege tider. Det seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp).

Usikker framtid: Jenny Klinge (Sp) sa til Driva i januar at ho var både trist og lei seg over statens oppkjøp av mjølkekvotar. No, i desse koronavirustider, minner ho om at framtida er usikker og at matproduksjon og matberedskap må oppretthaldast. Ho meiner regjeringa no må revurdere oppkjøpsordninga. 

Nyheter

Staten og Norges Bondelag vart i oktober i fjor einige om å gjennomføre ei oppkjøpsordning med sikte på å kjøpe ut totalt 40 millionar liter mjølkekvote for å redusere overproduksjonen.