«Klimakur 2030» legg opp til utradering av matproduksjon for å nå klimamåla:

Nær 61 000 husdyr i fylket må bort om ein skal nå utsleppsmåla i «Klimakur 2030»: – Rein og skjær galskap!

– Eg nektar å finne meg i ein politikk som raserer landbruket i fylket vårt, seier stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp), som kallar utradering av matproduksjonen for å oppnå klimamåla i rapporten for galskap.

Galskap: Av 35 099 husdyr i kommunane Surnadal, Rindal, Sunndal, Tingvoll, samt tidlegare Nesset og Halsa, må 12 853 dyr bort om ein skal nå utsleppsmåla i "Klimakur 2030". I heile fylket må 60 908 av totalt 146 194 dyr bort. – Rein og skjær galskap, meiner stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp). 

Nyheter

«Klimakur 2030» er ei utgreiing bestilt av regjeringa, der Miljødirektoratet, Statens vegvesen, Kystverket, Landbruksdirektoratet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Enova har analysert potensialet for å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar, og tiltak som aukar opptaket og reduserer utslepp frå skog og annan arealbruk.