Surnadal kommune melder torsdag det framleis ikkje er nokon i kommunen med påvist korona-smitte, noko kommunen seier seg glad for. Kommunen seier det er gjennomført ein del prøvar i løpet av veka, men alle prøvane har vore negative. Og situasjonen er slik sett uendra.
– Vi er elles svært glade for responsen på den invitasjonen vi gjekk ut med på heimesida vår i går, der vi søkte etter helsepersonell, seier kommunedirektør Knut Haugen.
Nærare 30 personar meldt seg sidan i går kveld, noko vi er svært takksame for. Kommunen vurderer behovet fortløpande og vil ta kontakt med kvar enkelt viss situasjonen endrar seg.
Vidare heiter det frå kommunen:
"Regjeringa har også endra regelverket slik at ingen pensjonistar som melder seg til oppdrag i helseteneste skal risikere at dei blir trekt i pensjon.
Det er også sagt frå regjeringa at alle skal få fritak for barnehage og SFO, dette vil bli dekt av staten i ettertid overfor kvar enkelt kommune.
Ingen skal betale for ei teneste dei ikkje får levert frå kommunen, og alle heimane skal ha fått beskjed om korleis dette blir gjort i praksis.
Minner elles om vår korona-telefon 913 79 001 og elles anna nyttig informasjon som du kan finne på kommunen si heimeside."