Inviterer til dugnad for å bidra med smittevernsutstyr

Helse Møre og Romsdal oppmodar alle som har tilgang på utstyr om å bidra.

  Foto: Sigmund Tjelle

Nyheter

Helse Møre og Romsdal oppmodar alle som har tilgang på utstyr som: åndedrettsvern, vernebriller, hanskar, munnbind, visir og beskyttande dressar og frakkar om å ta kontakt.

– Vi veit at mange bedrifter i Møre og Romsdal har denne typen utstyr og vi ønskjer å komme i kontakt med dei som har utstyr å avsjå. Samtidig vil eg nytte anledninga til å takke alle dei som allereie har bidrege med utstyr til sjukehusa våre, seier adm.dir. Øyvind Bakke.

Helse Møre og Romsdal har framleis nødvendig smitteverneutstyr på lager, men har eit lite lager av enkelte varer. Det blir jobba både regionalt og nasjonalt med å skaffe til vege utstyr slik at framtidige behov kan sikrast.

– Vi har ein situasjon både regionalt og nasjonalt der vi førebels ikkje har sikra stabile og tilstrekkelege leveransar av smitteverneutstyr, men det blir jobba med ulike løysingar og eg har tru på at situasjonen vil betre seg, seier Bakke.