- Frivillige vil køyre ut mat i Surnadal

Folk står på for folk.
Nyheter

– Det er framleis ikkje påvist koronasmitte i Surnadal kommune, melder kommunelege Bjørn Buan fredag.

Kommunelege Bjørn Buan vurderer smittesituasjonen fortløpande med tanke på justering av tiltak. Legen seier smittesituasjonen nasjonalt ligg på 0,3 pr. 1000 innbyggarar. Med eit innbyggartal som Surnadal svarar dette til at kommunen skulle hatt to personar med påvist smitte.

Vidare heiter det i rapporten frå kommunen:

Eit viktig fokus i beredskapsarbeidet er å vere føre var og lære av erfaringar frå andre kommunar som har opplevd å måtte sette i verk strengare tiltak for å få kontroll med smittesituasjonen. Eit eksempel på ein slik kommune er Frosta.

Elles er vi glade for at 40 personar til no har meldt seg som tilgjengeleg helsepersonell via registreringsskjemaet på heimesidene våre. Vi håpar fleire vil registrere seg som helsepersonell i tida framover.

Ei anna positiv nyheit er at Surnadal Frivilligsentral vil sette i gang med koordinering av frivillige som no melder seg til teneste for utkøyring av mat, m.m. Dette tiltaket vil komme i gang over helga. Her er det mogleg å registrere seg via nettsida Frivillig.no og velje Surnadal som sitt område.

Korona-telefonen vår er godt i gang og vi minner om at denne telefonen og er open for spørsmål i helga frå kl. 10.00-14.00: 913 79 001

Kommuneleiinga ønskjer alle ei god helg.