Fylkesmannen ber kommunane fatte likeklydande koronavedtak

Ber om likelydande koronavedtak.

Rigmor Brøste Fylkesmann Møre og Romsdal 

Nyheter

Fylkesmannen ber alle 26 kommunar i Møre og Romsdal om å fatte likelydande vedtak etter smittevernlova § 4-1 bokstav d, i sju dagar, i paragrafen står det:

"isolering av personer i geografisk avgrensede områder eller andre begrensninger i deres bevegelsesfrihet i opptil sju dager om gangen"

Det betyr ikkje som Driva skreiv tidligare, og som vi beklagar, at kommunene skal stenge grensene sine i sju dagar, men det er ei forventning om følgande:

• Heimekarantene på 14 dagar skal gjelde personar som kjem frå fylka; Oslo, Vestfold ogTelemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland

• Vedtaket må sikre at personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift avkritiske samfunnsfunksjonar er unnateke krav om karantene, vi viser her til DSB sin liste oversamfunnskritiske funksjonar

• Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unntatt krav om karantene

• Vedtaka sikrar at innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane ifylket, og andre fylke som ikkje er nemnt over

• Kommunane i vedtaksperioden set i gang/intensiverer andre førebyggande tiltak.

Fram til 19. mars hadde 18 av 26 kommunar gjort karantenevedtak etter smittevernlova. Kommunane fatta vedtaka for å avgrense smitte inn til Møre og Romsdal slik at mengda smitta personar ikkje oversteig tilgjengeleg kapasitet for helsetenesta.

Det er framleis behov for å avgrensesmitte til fylket, og intensivere andre førebyggjande tiltak. Kommunen har vedtaksrett, og har mynde og ansvar for å fatte lokale vedtak.

Fylkesmannen tilrår at kommunale vedtak i størst mogleg grad vert utforma likelydande.

- Eg vil nytte høve til å takke for den formidable innsatsen som vert lagt ned i kommunane, blantberedskapsaktørane, og den einskilde innbyggar i denne vanskelege tida vi no er inne i. Her vil eg særleg nemne helsepersonell som opplev ei særdeles krevjande tid no, seier Fylkesmann Rigmor Brøste.