Oppretter beredskapsgruppe landbruk

Brei samansetning.

  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

Etter initiativ frå varaordførar Hugo Pedersen vart det før helga nedsett ei beredskapsgruppe landbruk i Surnadal, heiter det i ei pressemelding. Vidare heiter det gruppa består av leiarane i Bondelag og Småbrukarlag og i saueavlslag, mjølkeprodusentlag og skogeigarlag. I tillegg er varaordførar, jordbrukssjef og avløysarlaget med.

Gruppa seier den med sitt breie kontaktnett skal kunne vere til hjelp dersom nokon i landbruket kjem i ein situasjon der dei treng hjelp, og i tillegg blir dette ei ressursgruppe dersom samfunnet elles kan trenge hjelp frå landbruket. Bøndene, meiner gruppa, er ressurssterke folk som er vant til å løyse utfordringar og dei rår over mykje maskiner og utstyr som er til hjelp ved ulike natur og værrelaterte hendingar mellom anna.

Gruppa peiker på ein situasjon der andre kan vere sette ut av spel til dømes på grunn av sjukdom så kan det hende det finst kapasitetar hos landbruket.

– Vi meiner det er viktig å gjere både bøndene og samfunnet elles merksame på denne gruppa. Denne gruppa kan sikkert og vere til inspirasjon for andre kommunar, seier bonde Oddvar Mikkelsen