Første pasient innlagd ved Kristiansund sjukehus med koronasmitte

Ein innlagd pasient ved Kristiansund sjukehus har testa positivt på koronasmitte. Det går fram i ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal i ettermiddag.
Nyheter

Pasienten blei lagt inn ved sjukehuset onsdag 25.mars med mistanke om koronasmitte og smitteverntiltak blei følgt heilt frå innleggingstidspunktet. Pasienten ligg i eit skjerma område på sjukehuset (kohortisolering) og tilstanden til pasienten er etter forholda god, seier klinikksjef Åge Austheim ved Kristiansund sjukehus

Verken tilsette, eller andre pasientar ved Kristiansund sjukehus har vore eksponert for smitte frå den koronasmitta pasienten.

Pasienten kom nyleg heim frå Spania og har vore i heimekarantene sida heimkomst. Kristiansund kommune har gjennomført smittesporing som viser at dei har full kontroll på smittesituasjonen.


Status koronapasientar innlagd i HMR:

Ålesund sjukehus – ingen

Molde sjukehus – framleis to pasientar

Kristiansund sjukehus – ein ny pasient

Volda sjukehus - ingen


Redd for smitte
Administrerande direktør, Øyvind Bakke fortel i ei pressemelding onsdag at leiinga i Helse Møre og Romsdal har motteke fleire tilbakemeldingar både frå tilsette i føretaket og frå kommunar i fylket der dei ytrar bekymring for at folk vegrar seg for å kontakte helsetenestene i frykt for å bli utsatt for koronasmitte.

- Eg vil sterkt oppmoda befolkninga om ikkje å nøle med å ta kontakt og be om hjelp. Vi har god kontroll på smittesituasjonen ved våre sjukehus og det er ingen grunn til å frykte koronasmitte ved innlegging ved eit av våre sjukehus, seier Bakke.


Strenge smitteverntiltak er innført

Ved alle føretaket sine sjukehus, institusjonar og i dei prehospitale tenestene er det fokus på gode smittevernrutinar. Alle fire sjukehus har mellom anna oppretta eigne område (kohortområde) der pasientar som er mistenkt med koronasmitte, eller som har fått påvist koronasmitte blir isolert. Alle tilsette som har pasientkontakt har også fått opplæring i bruk av smittevernutstyr for å hindre smittespreiing.


Koronasituasjonen i føretaket 25. mars
Per. 25. mars kl. 11.00 var det framleis innlagt tre pasientar med koronasmitte. Éin pasient i Ålesund og to pasientar i Molde. Tilstanden til pasienten innlagd ved Ålesund sjukehus er god. Dei to pasientane som er innlagd ved Molde sjukehus får intensivbehandling og tilstanden for begge er framleis alvorleg, men stabil.


Kontakt 113 ved behov for akutt helsehjelp

Kontakt medisinsk naudnummer 113 ved behov for akutt helsehjelp til deg sjølv eller andre ved ulykker, ved alvorleg medisinske tilstandar, eller ved livstruande situasjonar som gjeld psykisk helse.


Medisinsk nødnummer 113 er ope døgnet rundt.