Opphevar lokale karantenereglar

Legg seg på dei nasjonale reglane.

Kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal. 

Nyheter

Enno er det ikkje påvist koronasmitte i Surnadal. Kommunen testar et varierande tal personar kvar dag. Testinga er viktig for å kartlegge spreining av koronavirus i kommunen. Kommunen seier det ikkje er nokon fasit på antallet som testatst, men det bør ikkje å skape for stort trykk på testlaboratoria på sjukehusa som analyserar testane.

Kommuneoverlege Bjørn Buan har og oppheva dei lokale karantenereglane som gjeld for Surnadal kommune med verknad frå og med 31. mars 2020. Frå no av er det kun dei nasjonale karantenereglane som gjeld.

Kommuneoverlege presiserer at dei nasjonale karantenereglane gjeld uendra, og at personar som er underlagt dei nasjonale karantenebestemmelsane om reise utanlands eller mistanke om smitte/ nærkontakt, skal vidareføre karantenen i samsvar med dei reglane som gjeld og den informasjonen som er den enkelte har motteke.

Fram til i dag har Surnadal kommune hatt lokale karantenereglar for studentar og personar som kjem til kommunen frå kommunar sør for Dovre. Desse reglane blir ikkje vidareført, med verknad frå og med 31.mars 2020. Personar som allerie er i karantene på grunn av desse lokale karantenereglane, blir ikke lengre underlagt desse restriksjonane. Surnadal kommune legg seg dermed på linje med dei fleste kommunane i fylket og elles i landet.

Nasjonale karantenebestemmelsar som gjeld:

Informasjon frå Helsenorge.no:

Det er to grupper som skal i karantene:

  1. Dersom du har vært på utenlandsreise skal du være i karantene i 14 dager fra den dagen du kom hjem.
  2. Dersom du har hatt nærkontakt med noen som har fått påvist koronavirus skal du være i hjemmekarantene. Hvem dette gjelder, blir definert av helsetjenesten i samarbeid med den smittede, og du får beskjed dersom dette gjelder deg. Med nærkontakt menes kontakt med en smittet person med mindre enn to meters avstand i mer enn 15 minutter, eller direkte fysisk kontakt. Du skal være i karantene i minst 14 dager fra den dagen kontakten skjedde.

Dersom du bor sammen med en person som er isolert med påvist koronavirus, skal du være i karantene fram til den syke ikke lenger er isolert, minst 14 dager etter at karantenen startet.

Dersom du testes for koronavirus mens du er i karantene, og denne testen er negativ, skal du fremdeles fullføre karanteneperioden på 14 dager.