Sjukehustilsett har testa positivt på koronasmitte

 Ein tilsett ved Molde sjukehus har tysdag 31. mars fått påvist koronasmitte. Samtidig er og ein ny pasient innlagd med koronasmitte.
Nyheter

Pressemelding frå Helse Møre og Romsdal:

Ein tilsett ved Molde sjukehus har tysdag 31. mars fått påvist koronasmitte. Vedkommande var på jobb ved sjukehuset førre veke og fekk fyrste symptom på smitte fredag kveld, 27. mars.

- Vedkommande har hatt nærkontakt både med tilsette og med pasientar ved sjukehuset i dagane før han fekk symptom på smitte. Vi har derfor gjennomført ei kartlegging internt ved sjukehuset for å få oversikt over kven som kan ha vore utsett for smitte, seier Georg Johnsen, klinikksjef ved Molde sjukehus.

Smittesporing

Vedkommande som er smitta jobbar ved avdeling for kirurgi og akuttmedisin. Molde sjukehus har følgt Folkehelseinstituttet sin definisjon av nærkontakt og har kartlagd alle tilsette og pasientar som har vore i kontakt med den smitta den 26.3 og 27.3.

Resultat av kartlegging

Totalt 8 pasientar og 5 helsepersonell som har vore i nærkontakt med den smitta har blitt kontakta og har fått beskjed om å gå i heimekarantene. Kommunane som er berørt av hendinga blir også varsla.


- Vi har gjort nødvendige tiltak for å hindre smittespreiing internt på sjukehuset og hendinga vil ikkje få konsekvensar for pasienttilbodet, seier Johnsen.

Ny pasient med koronasmitte innlagd ved Molde sjukehus

Tysdag 31. mars blei ein ny pasient med kjent koronasmitte innlagd ved Molde sjukehus. Tilsette ved sjukehuset var godt førebudd på å ta i mot pasienten og verken tilsette, eller andre pasientar ved Molde sjukehus har vore eksponert for smitte.

- Pasienten ligg i eit skjerma område på sjukehuset (kohortisolering) og tilstanden til pasienten er etter forholda god, seier Johnsen


Status for innlagde pasientar i Helse Møre og Romsdal tysdag 31.mars kl.15.30:

Molde sjukehus:

3 innlagde koronapasientar. Tilstanden for to av pasientane er alvorleg, men stabil.
Tilstanden for pasienten innlagd 31. mars er etter forholda god.

Ålesund sjukehus:

1 innlagd koronapasient. Tilstanden til pasienten er etter forholda god


Kristiansund sjukehus
:

3 innlagde koronapasientar. Tilstanden til to av pasientane er etterforholda god. Tilstanden til den tredje pasienten er alvorleg, men stabil

Volda sjukehus:

1 innlagd koronapasient. Tilstanden for pasienten er alvorleg, men stabil.