8. april: Status for innlagde koronapasientar

Her er status for innlagde koronapasientar i Helse Møre og Romsdal 8.april.

  Foto: Sigmund Tjelle

Nyheter

Oppdatering frå Helse Møre og Romsdal, 8. april:

Ålesund sjukehus:

2 innlagde koronapasientar ved kohortavdelinga. Tilstanden til begge pasientar er etter forholda god.

Volda sjukehus:

1 innlagd koronapasient. Tilstanden for pasienten er framleis alvorleg, men stabil.

Kristiansund sjukehus:

4 innlagde koronapasientar. To pasientar får intensivbehandling. Tilstanden for desse er alvorleg, men stabil. To pasientar ligg på kohortavdelinga og tilstanden til den eine av desse pasientane er etter forholda god. Den andre kohortpasienten vil bli skriven ut frå sjukehus i løpet av dagen 8.april

Molde sjukehus:

2 innlagde koronapasientar. Tilstanden for den eine pasienten er framleis alvorleg, men stabil. Den andre pasienten ligg innlagd ved kohortavdelinga og pasienten er i betring.

Totalt 9 pasientar med koronasmitte er innlagd i HMR pr. 8. april kl.12.10.