Forbereder opning av barnehager og skular

Følgjer nasjonale retningslinjer.
Nyheter

Dette skriv kriseleiinga i Surnadal i ei pressemelding:

Det er ikkje påvist nye smittetilfelle i Surnadal kommune. Regjeringa vidarefører alle tiltak fram til 20 april. Frå 20. april har regjeringa opna for ei gradvis normalisering i delar av samfunnet. Det er ei positiv nyheit at regjeringa no meiner det er grunnlag for å gi oss litt av kvardagen tilbake.

Det skal utarbeidast nasjonale rettleiarar for hygienetiltak i barnehagane og skulane. For barnehagane kjem rettleiaren torsdag 16.04.20 og for skulane måndag 20.04.20.

Frå måndag 20.04.20 blir barnehagane i heile landet gradvis opna igjen.
Frå måndag 27.04.2020 blir skulane opna for 1.- 4. trinn og SFO.

For 5.- 10.trinn blir opplæringa framleis gjeve som fjernopplæring. For barn som har særskilde behov vil det framleis vere dagtilbod uavhengig av alder.

Surnadal kommune har tillit til dei vurderingane som regjeringa har gjort. Dette er eit ledd i normaliseringa av kvardagen til barna våre.

Surnadal kommune følgjer dei nasjonale retningslinene, og er godt i gang med å planlegge den gradvise gjenopninga av barnehagane og skulane for 1.- 4.trinn og SFO. Vi vil sende ut meir informasjon når rettleiarane er komne, om korleis den praktiske oppstarten blir. Det skal vere trygt å sende barna til barnehagen og skulen. Det skal og vere trygt å jobbe der.

Det er sendt informasjon til alle føresette i barnehage og skule i dag om dette.

For barn som tilhøyrer risikogruppa eller har nokon ein bur saman med som tilhøyrer risikogruppa, blir det for elevane framleis fjernopplæring. Det er fastlegane som gjer desse vurderingane.

Føresette kan ta kontakt med sin barnehage eller skule, dersom dei har spørsmål.

Kriseleiinga har god beredskap for påska, og møtes på nytt over påske. Kommunelegen har i dag rapportert om at det er stort fokus på å få opp testkapasiteten regionalt og nasjonalt. Dette er viktig for at vi skal kjenne oss trygge og vite kor smitten befinn seg når vi gradvis får auka bevegelegheit i tida framover.

Vi ønskjer med dette alle ei god påske!