Ein ny pasient innlagd med koronasmitte

Totalt 10 pasientar med koronasmitte er innlagd i Møre og Romsdal.
Nyheter

Status for innlagde koronapasientar i Helse Møre og Romsdal 11.april. Ein ny pasient innlagd i Ålesund, elles uforandra frå i går fredag, heiter det i ei pressemelding frå HMR.

Ålesund sjukehus: 2 innlagde koronapasientar ved kohortavdelinga. Ein ny pasient ble innlagt fredag. Tilstanden til pasientane er etter forholda god.

Volda sjukehus: 2 innlagde koronapasientar. Ein pasient på kohortavdelinga. Tilstanden er etter tilhøva god.

Ein pasient på intensiv, tilstand framleis alvorleg, men stabil.

Kristiansund sjukehus: 4 innlagde koronapasientar. Det er to pasientar på kohortavdelinga, og tilstanden er stabil for desse.

To pasientar får intensivbehandling. Tilstanden for desse er alvorleg, men stabil.

Molde sjukehus:
2 innlagde koronapasientar. Tilstanden for den eine pasienten er framleis alvorleg, men stabil. Den andre pasienten ligg innlagd ved kohortavdelinga og pasienten er i betring.


Totalt 10 pasientar med koronasmitte er innlagd i HMR pr. kl.11.30