Prøver ut slangespredning av husdyrgjødsel

Slangesprening av husdyrgjødsel er kanskje ikkje heilt nytt, men det er iallfall ikkje vanleg enno.

Lars Bæverfjord jr har bruka dette systemet i 4 år – no er Aasmund Longva Kvendset med på opplæring i faget. Foto: Jon Olav Ørsal 

Nyheter

Torsdag var det rigging for utkjøring av husdyrgjødsel i Utigarden hos Olaug Kvendset og Asgeir Longva, med slangar rundt heile eigedomen. Dei skal ut med 7-800 m3, og da kan du tenke deg kor mange lass det blir dersom ein kan kjøre 8-10 m3 pr lass. Med distribusjon gjennom slangar så vil ein oppnå ein kapasitet på rundt 200 m3 pr time.

Olaug og Asgeir satser i år på leige av utstyr for slangedistribusjon for å prøve korleis det fungerer før dei går til investering av slikt utstyr. Dei har hyra inn Lars Bæverfjord jr som har transportert ut husdyrgdsla på denne måten dei siste 4 åra på garden sin i Bæverfjorden.

Stort sett er det berre fordeler med å gjøre det på denne måten sier Asgeir.

Slangespreiing av husdyrgjødsel har mange fordeler og sparer miljøet. Foto: Jon Olav Ørsal  

Han har den siste tida jobba med å trekke rør gjennom stikkrenner for å kome til på ekrer og åkrar rundt omkring på eigedommen på Kvennset. Ein del rigging er den største bakdelen med å gjøre det på denne måten, og så er det forholdsvis kostbart utstyr.

Fordelene med slangedistribusjon er imidlertid mange. Først og fremst oppnår ein mindre jordpakking med vesenleg mindre kjøring. I tillegg oppnår ein mindre tap av nitrogen og stor kapasitet. Elles kan nemnast mindre lukt som er ein viktig faktor dersom ein driv nære bustadområder.

– Vi er hadde lyst til å prøve dette før vi går til investering av slikt utstyr, da det er ei forholdsvis stor investering, seier Asgeir Longva til Todalen.no

Ei høgtrykkspumpe sørger for distribusjon av husdyrgjødsla, fortel Asgeir Longva. Foto: Jon Olav Ørsal