Flyttar opptaka til Kleivakvelden til Kulturhuset

Dårlig utevær.
Nyheter

I ei pressemelding skriv Vårsøghelga dei flyttar innspelinga av Kleivakvelden torsdag 14. mai planlagt på Kleiva til Storstuå på Surnadal Kulturhus. Dette skuldast vær og føreforhold.

Arrangøren seier det framleis vert sal av 50 billettar, som vert lagt ut for sal på nettsida til Surnadal kulturhus tysdag 12. mai klokka 12.00. Innspelinga av konserten går som planlagt.

Inkludert, seier Vårsøghelga, i billetten er kunstutstillingsåpning i Finstuå klokka 17.30, med festivalkunstnar Jon Arne Mogstad sine bilete inspirert av elva Surna.

– Vi oppfordrar alle til å følge Folkehelseinstituttet sine råd for smittevern, seier leiar Anders Larsen i Vårsøghelga.