Gratulerer med dagen!

- I år har fellesskapet, solidariteten og samhaldet som vart forankra i Grunnlova vist seg å vere viktigare enn på lenge. Ikkje visste me at 2020 skulle verte eit år kor me skulle gå i møte med den største krisa sidan andre verdskrig."

Talar: Helene Wahlstrøm er årets 17.mai-talar i Eidsvåg. 

Nyheter

Det er Helene Wahlstrøm (18) , årets 17. mai-talar i Eidsvåg som seier dette i sin digitale tale for dagen. Wahlstrøm tek eit blikk på historia og viser til at fellesskapet, solidariteten og samhaldet som vart forankra i grunnlova har vist seg å vere viktigare enn på lenge akkurat i år.