Kyrkjegardsdugnad i Åsskard

Dugnaden ved Åsskardkyrkja 12. mai snødde ned. – Men no måndag 25. mai prøvar vi på nytt! seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen.
Nyheter

- Ta med utstyr og kaffe og bli med på dugnad måndag! seier soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen i Åsskard. 

Ho og resten av soknerådet oppfordrar alle som kan, til å bli med og raka lauv, rydde og pynte opp på kyrkjegardane både ved Trøa og attmed kyrkja. Med felles innsats er dette fort gjort, og Åsskard har godt ry for si dugnadsånd.

- Den som vil starte tidleg, kan gjerne ta eit par timar frå 12-tida og utover. Så kjem folk når det høver, seier soknerådsleiaren og reknar med at heile dugnaden er ferdig i 19-tida. Og det er rikeleg plass på områda til å overhalde alle smittevernreglar.

Folk blir bedne om å ta med høveleg reiskap. Sidan det ikkje blir felles servering denne gongen, kan ein gjerne ha med mat og drikke heimafrå.

Måndag kveld skal også Bøfjorden Grendahus ha dugnad. Men dagen er lang, og ein reknar med at både kyrkjegard og grendahus får nok mannskap.