Går vekk frå avstandskrava på skolebussen

Møre og Romsdal fylkeskommune går vekk frå avstandskrav i kollektivtrafikken frå måndag 8. juni.

Opnar opp: Snart får alle plass på skolebussane igjen. Her ved Sunndal ungdomsskole.  Foto: Ingrid Ellevset

Nyheter

Med bakgrunn i oppdaterte retningslinjer frå nasjonale myndigheiter med ei vidare normalisering og oppmjuking av smitteverntiltak, vil fylkeskommunen oppheve avstandskrava i kollektivtrafikken.