Undrar på om det blir ei overetablering av veterinærar

- Kan kome dyra og kundane til gode.
Nyheter

Surnadal kommune har tre privatpraktiserande dyrelegar per i dag kor den eine av dei arbeider i gamle Halsa på dagtid, men deltek i vaktsamarbeid med dei to dyrlegane i Surnadal. Den eine dyrlegen går over til INVet, eit av to nye veterinærselskap som etablerar seg i Surnadal med to veterinærar i kvart selskap. UVB AS er det andre. Det blir da seks dyrlegar i Surnadal som skal konkurrere om smådyrpraksis og produksjonsdyr i landbruket. Dei seks skal og saman med tre dyrlegar i Rindal konkurrere om åtte vaktheimlar for dyrlegar i distriktet gamle Halsa, Rindal og Surnadal.