Markerte byggestarten for ny skule i Surnadal:

Ordføraren tok det aller første spadetaket: – Endeleg er vi i gang!

Onsdag vart byggestarten for den nye skulen i Surnadal markert, der ordførar Margrethe Svinvik tok det første symbolske spadetaket og grunnsteinsnedlegginga. - Det har vore ein usedvanleg lang og grundig prosess. Endelig er vi i gang!
Nyheter

Bygginga av den nye skulen i Surnadal er no skikkeleg i gang. Onsdag var dagen for den symbolske grunnsteinsnedlegginga for Surnadal barne- og ungdomsskule, der ordførar Margrethe Svinvik (Sp) tok det første, symbolske spadetaket ved ungdomsskulen.