Konfliktrådet Møre og Romsdal:         

Færre saker som følge av Covid-19

….  men fleire saker med vald i nære relasjonar
Nyheter

Konfliktrådet Møre og Romsdal har hatt ein nedgang i talet på saker i 2020, samanlikna med same periode i 2019. Det er størst nedgang i tilviste straffesaker med 41 %, men det har også vore ein nedgang i tilviste sivile saker med 34 %. Det har vore nedgang i alle sakstypar, men saker med vald i nære relasjonar skil seg ut med ei auke. Covid-19-pandemien har resultert i mindre kriminalitet og færre meldingar til politiet, og dette er ei årsak til lågare sakstal hjå Konfliktrådet hittil i år.

Konfliktrådet Møre og Romsdal har motteke 145 saker første halvår 2020, mot 231 saker på same tid i fjor. 29 prosent av forholda omhandlar vald og vald i nære relasjonar, medan økonomiske konfliktar utgjer 13 prosent, skadeverk 11 prosent, nabokonfliktar 6 prosent og tjuveri 6 prosent. Elles fordeler sakstypane seg på truslar, familietvistar, narkotikalovbrot og seksuallovbrot.

Hittil i år har det blitt tilvist 13 saker med vald i nære relasjonar. Til samanlikning vart det tilvist 10 saker med vald i nære relasjonar i heile 2019. Konfliktrådet legg til rette for repeterande møter med partane i desse sakene, og det vert ofte invitert andre offentlege instansar til møta for å sikre gode løysingar. Barnevern og setjeverje er ofte til stades for å ivareta borna sine interesser. Møta er ofte ein katalysator til at offer kan verte ivaretatt, og ein ser eksempel på at møta resulterer i at gjerningsperson tek ansvar og søker hjelp til sinnemestring.

Med stenging av Noreg i samband med Covid-19, vart all meklingsaktivitet stansa for ei periode. Etter å ha brukt tida på å forberede mekling på ulike digitale plattformer, byrja Konfliktrådet Møre og Romsdal – som i resten av landet – med mekling via skjerm eller telefon. Partane fekk valet mellom å møtast digitalt eller vente til fysiske møter igjen kunne gjennomførast. Nokon ønska skjermløysing for å bli ferdig med saka, medan andre ønska å vente til ein fekk høve til å sitte ansikt til ansikt i møterommet. Frå 22. april vart det gradvis opna for at sakene igjen kunne verte mekla fysisk, då tilrettelagt med omsyn til smittevern.

11 ungdomar har blitt overført til ungdomsoppfølging hittil i år, same tal som på same tid i fjor. Bruk av narkotika, skadeverk, truslar, tjuveri og vald er noko av det som har danna grunnlaget for overføring til ungdomsoppfølging i Konfliktrådet.

Det er 12 Konfliktråd og meir enn 500 meklarar i landet. Konfliktrådet Møre og Romsdal har 27 meklarar som er klare til å legge til rette for meklingar og tilrettelagte samtalar mellom to eller fleire som ønsker det. Konfliktrådet tar imot både straffesaker frå påtalemakta og sivile saker der publikum sjølv tar kontakt. Sjølv om det har vore ein nedgang i sakstalet hittil i år, vert det i desse tider søkt etter fleire meklarar i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.