Presenterer frodig stoff om bjørnedreparen

Bøfjorden Historielag presenterer historia om «Mannbjønnen» på sjøbruksmuseet søndag.

Er teaterstykke: Teaterlaget Amatøren frå Halsa framførte «Heim frå mannbjørnjakta» av Ingeborg Åsen Vatten ved 200-årsminnet i 1976.   Foto: Alf Sollid

Nyheter

Biletkåseriet er ein konsentrert kompakt-versjon av det store rovdyrdramaet i Bøfjord-traktene på 1770-talet. Gjennom NRK har ein fersk nettartikkel blåse nytt liv i ei historie utan sidestykke langt ut over våre landegrenser.