Har stramma inn reglane for besøk ved sjukeheimen

Vil unngå koronasmitte.

Surnadal sjukeheim  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

Kommuneoverlegen har vald å forsterke besøksrestriksjonane ved Surnadal sjukeheim. Dette skjer i ein periode kor mange kjem heim frå ferie, og vil altså gjelde ut august i første omgang. Ferieavviklinga avrundast no så smått for dei fleste, og kvardagen kjem att. Etter ein sommar med reiseaktivitet og selskapelegheiter for mange ser vi no auka smitteførekomst av Covid-19 i Norge.

I samråd med kommuneoverlegen forsterkar no sjukeheimen besøksrestriksjonane i august pga. generell auka smittefare framover. Slik kan ein med større sannsynlegheit unngå at smitte kjem til sjukeheimen.

todalen.no har sakset regelverket frå heimesidene til Surnadal kommune, der oppdatering vart lagt ut 4.8.2020. Les dei her.