Allsong på Nordstrand i helga

Førstkomande laurdag er det klart for «Allsong på Nordstrand» ved naustet på Heggem i Bøfjorden.

Fjordafrøknånj: Gjertrud Heggem, Tanja Heggem Grimsmo og Bodil Kvam Aasbø er som vanleg forsongarar under «Allsong på Nordstrand» laurdag.  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

– Sett av laurdag 15. august til ein minnerik sommarkveld ved sjøen! Vi lovar allsong med kjente og kjære melodiar, god stemning, grilling og kaffeservering!

Det seier arrangørane, som kryssar fingrane for at vêret blir slik at Allsong på Nordstrand kan gjennomførast som planlagt ved naustet ved Heggem.

– Blir det for dårleg ver no på laurdag så avlyser vi nok heile arrangementet denne gongen, i staden for å flytte på det. Men dette er ikkje noko tema, for det blir naturlegvis bra ver, seier Gjertrud Heggem.

Saman med Tanja Heggem Grimsmo og Bodil Kvam Aasbø er Gjertrud med i «Fjordafrøknånj», som også denne gongen er forsongarar.

Bandet er og det same som før, med Tore Settemsdal, Lars Settemsdal og Per Jarle Riksheim.

– Gjestane i år blir Alfred Larsen frå Melodi Grand Prix Junior, samt broren hans. Dei skal synge nokre songar, og det blir og nokre innslag av barn frå bygda her, samt frå Lars Jarles & The Big Mamas, fortel Gjertrud.

Konferansierar for kvelden er Ove Aage Grimsmo og Hildegunn Bøe.

Allsongen tek til klokka 17.30, men allereie halvanna time før dette opnar «Buakokkå» kvelden med sal av grilltallerken. I pausen blir det dessutan sal av kaffe og kaker i naustet.

Arrangørane minner om smittevernreglane og at alle sjølv har ansvar for å følgje desse.

– Det er maksimalt 200 personar og einmetersregelen som gjeld. Alle blir registrerte når dei kjem, og plassen her er stor nok til at det ikkje blir noko problem å halde tilstrekkeleg avstand. Vi set fram handsprit og alle må ta med seg stol sjølv, påpeikar Gjertrud.

Det kan og vera lurt å ta med seg varme klede da arrangementet held fram litt utover kvelden. For barn opp til 12 år er det gratis inngang.

– Vi håpar naturlegvis at mange vil bli med, dette gler vi oss til!