Koronatilfellet i Surnadal knytast til vaksenopplæringa OPPDATERT

Vaksenopplæringa stenges - dei andre i kontorfellesskapet der vaksenopplæringa held til fortsetter som før.

Anbefaler testing: Kriseleiinga for Covid 19 i Surnadal. Fungerende ordfører Hugo Pedersen (Sp), kommunedirektør Knut Haguen og kommuneoverlege Bjørn Buan. 

Nyheter

Surnadal kommune skriv i ei pressemelding kommunen har berre eitt påvist smittetilfelle og den arbeider framleis med smittesporing. Vaksenopplæring og integrering er stengt ut veka inntil vi har fått full oversikt.

– Vi ønskjer å presisere at det per no ikkje er påvist smitte hos tilsette eller deltakarar på eininga Vaksenopplæring og integrering. Vaksenopplæring og integrering er stengt ut veka som eit førebyggande tiltak medan smittesporing held på, seier kommunen i ei pressemelding litt seinare på dagen.

Eininga for vaksenopplæring og integrering held til på Landbrukshuset på Skei. Landbrukshuset er eit kontorfellesskap for ei rekke bedrifter i Surnadal. Kommunen har overfor Alti Forvaltning som forvaltar bygget sagt at dei andre leigetakarane ved Landbrukshuset kan fortsette arbeidet i bygget. Anbefalinga er å hugse einmetersregelen, handhygiene og spriting.

– Eg varsla leigetakarane om situasjonen tysdag fordi eg skjønna det kunne bli uro, og leigetakarane tok det greitt, seier Brøske.

Personar som har vore i nær kontakt med personar som no er i isolasjon blir kontakta for testing. Nærkontaktar følgjer karantenebestemmelsane. Skulle det bli påvist smitte går desse over i isolering.

Kommuneoverlegen rosar alle involverte for godt samarbeid, også dei som er direkte råka.

– Beredskap og kapasitet for handtering av smittesporing og iverksetting av smittevernrutinar i våre tenester, er god, seier Buan.

Kommunen er ikkje overraska over atden får påvist smitte etter ferien, også i Surnadal. Terskelen for å be om testing skal vere låg. Det er positivt at folk testar seg, slik at vi kan få avdekt mogleg smitte og hindre oppblomstring.


Nytt koronatilfelle i Surnadal

Har vært to tidligere.


Framleis gjeld råd om godt smittevern for oss alle: å halde 1-meters avstand, ha god handhygiene og å halde seg heime ved symptom på sjukdom.

Kommunen presiserer at det per no ikkje er påvist smitte hos tilsette eller deltakarar på eininga Vaksenopplæring og integrering. Vaksenopplæring og integrering er stengt ut veka som eit førebyggande tiltak medan smittesporing held på.

Under ein pressekonferanse onsdag vil kommuneleiing og kommuneoverlege gi ei orientering og svare på spørsmål kring smittesituasjon, skulestart og smitteverntiltak knytt til å sikre gode og trygge kvardagar for alle, også i tida framover.