Revypersonligheten Johnse fyller 75

Når Johnse (John) Sættem no rundar 75 år, står gratulantane i kø. På vegner av Bøfjorden Historielag, kormiljø og sambygdingar stiller eg blant dei.

John Sættem. 

Nyheter

Det seiest at humor og latter er god livsmedisin. Da er det få som gjer slik helseinnsats som Johnse! Alltid med glimt i auget og ein treffande replikk står han som den fremste humørspreiaren vår - både på og utanfor scena.

Innsatsen hans i Bøfjorden Teaterlag, som instruktør og artist, kan ikkje rosast nok. Revyane og komediene har år for år samla fulle og jublande hus - mest takka vere nettopp Johnse.

Fra Bøfjordrevy 2005. 

Teaterlivet sentralt i Surnadal har han og berika med storarta roller. Ja – endatil på morofestivalar i andre distrikt, som på Høylandet, har han sett latteren i taket. Som ei sa til meg: - Hadde Dag Frøland visst om Johnse, hadde han hamna på Chat Noir og aldri fått dra heimatt!

Revybilde. 



Noko av det første eg minnest av Johnse, var ein 17. mai på Orsetkaia – etter samling på Bygdevangen. Der gjekk ein gutunge og nynna på «Valdresmarsjen!» Den flotte melodien utført så musikalsk gjer at eg aldri glømmer dette når temaet frå Valdres-bataljonen tonar i eteren.

Musikaliteten og den flotte songstemmen har kasta glans over kormiljøet vårt – i Halsa Songlag, i Bøfjorden Mannskor og i fellesskapet som sia vart Prosjekt 17. Å høre den blanke førstetenoren – ofte som solist – har vore ein sann fryd. Både revyviser, Griegs «Den store hvite flokk» og «Salme ved kompasen» frå vår lokale kabaret «Med segl og Wichmann» kling frisk i minnet.

Og så atmosfæren han alltid skaper – med treffande, ofte uventa replikkar. Som dirigent minnest eg ein svensk song der mannskoret glømte ei notepunktering på ordet «göra». – Hugs punkteringa på «göra»! kommanderte eg. – Eg har aldri punktert på Gjøra, kom det tørt frå Johnse. – Men eg laut skifte dekk på Grøa ein gong!

Oppveksten og heimen i Slettå, med fjella tett innpå, lenge i veglaust land, gav han eit nært og kjært forhold til tøff og vakker natur, som odla friluftsmannen og jegeren Johnse Sættem. Bygdehistoria, om bureisinga han vaks opp med og om bøfjordmiljøet elles, har han formidla både som poet og scenekunstnar. Han fortener fullt ut påskjønninga Trollbakkprisen, som Bøfjorden Historielag gav han i 2010.

Av fag er han snikkar. Tallause er bygga har har gjort og ordna. Og handlaget sitt deler han raust og hjelpsamt med andre. Som ein av naboane sa nyleg: - Viss eg ringer og spør Johnse om hjelp, så står han på gardsplassen før eg får slått av telefonen!

Mykje meir skulle vore sagt om den ungdommelege 75-åringen. Eg samlar det slik: Vi er umåteleg glade for å ha Johnse som kamerat og ressursperson her i Bøfjorden.

Gratulerer!

Bernt G. Bøe