Maritimt og lyrisk på museet

Takfaste tøff-tøff frå Sabb-motoren ved trappa helsa folk velkomne til Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Og stemninga heldt fram innadørs.

Nye modellar: Frå venstre Anders Vaagland med modellen av «Vaagland», modellskutebyggjar Gunnar Strand og Inge Dønheim med «Bøfjell». 

Nyheter

Her hadde kjøkenet ettermiddagskaffen klar med eple- og banankake til. Mange kjøpte lodd ved eit stadig veksande gevinstbord. Nødvendig korona-avstand hindra ikkje den gode samtalen rundt kaffeborda.