Små bygdemeieri leverte smør til England

Lokal meierihistorie var hovudposten på søndagens museumsprogram i Bøfjorden. Einar Oterholm kåserte om dei lokale smørmeieria frå slutten av 1800-åra.
Nyheter

Kåsør: Kåsør Einar Oterholm demonstrerer utstyr frå dei små bygdemeieria. Foto: Øyvind Magnor Bøe 

Husdyrhaldet var skrøpeleg og mjølkeproduksjonen dårleg fram mot siste del av 1800-talet. Men opplysningsarbeid innan Det kgl. Selskap for Norges Vel førte til noko betring. Dermed kom også ei viss meieridrift i gang i 1850-åra.