Salmekveld: «Det skjulte nærvær»

Onsdag kveld er det duka for ein innhaldsrik kveld i Ranes kyrkje med fokus på salmediktaren Svein Ellingsen.

Ranes kyrkje. 

Nyheter

Under temaet «Det skjulte nærvær» vil Kirsti Hjørnevik fortelje om kunstnaren Svein Ellingsen sitt liv og dikting.

Damekoret Credo og Tordenskjold Songlag deltek med korsong. Tove E. Strand blir med på fløyte.

I ei melding skriv kyrkja at det blir mykje allsong av kjende og mindre kjende salmar av Svein Ellingsen.

- Kanskje ikkje alle veit at dåpssalmen «Fyllt av glede» er skreve av nettopp Svein Ellingsen, som gjekk bort palmesøndag denne våren , 90 år gammal. I den nye salmeboka vår finn vi i alt 43 salmar som han har dikta og 15 salmar som han har oversatt.Vi håper mange finn vegen til Ranes kyrkja denne haustkvelden!