Stenger barnehage, avdelingar, skuletrinn og SFO

Fleire tiltak iverksatt som følge av påvist smittetilfelle med covid-19 i Surnadal.

Elevar og tilsette på 2. og 4. trinn skal ikkje på Øye skule i dag eller måndag. SFO er også stengt. 

Nyheter

I samband smittesporing av eit tilfelle av påvist Covid-19 i Surnadal kommune er desse barnehageavdelingane og skuletrinna stengt av kommuneoverlegen fredag 18. september og måndag 21. september.

* For Midtigrenda barnehage gjeld dette barn og tilsette på Maurtua.

* For Øye barnehage gjeld dette barn og tilsette på Austistuå og Utistuå.

* For Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter gjeld dette elevar og tilsette på 1.- 3. trinn.

* For Mo barnehage gjeld dette alle barn og tilsette.

* For Øye skule gjeld dette elevar og tilsette på 2. og 4.trinn. I tillegg er SFO også stengt desse dagane.

* Kommuneoverlegen ber også om at søsken til dei som går på dei stengde avdelingane/trinna er heime desse to dagane.

* Foreldre til barn på barnehageavdelingar/trinn som er stengde og søsken til desse, blir bedne opp å forhalde seg tilsvarande karantenvilkår fram til ny beskjed blir gitt.

- Dette betyr å halde seg heime, ikkje gå på jobb utan at det er samfunnskritisk nødvendig, vurdere eigen allmenntilstand og vurdere å teste seg om ein får symptom, skriv Surnadal kommune i ei melding.

Nærkontaktar som er sett i karantene, skal teste seg.

- Dei tiltaka som er sett i verk er gjort som eit føre var-tiltak inntil vi får kontroll over smittesituasjonen, melder kommunen.

- På bakgrunn av dei funna vi får i løpet av dei neste dagane vil det komme ei justering av tiltak som er sett i verk. Alle berørte vil få ny informasjon så snart som muleg.

Tilsette i andre berørte einingar kan få råd ved å kontakte sin nærmaste leiar og følgje med på informasjon som blir lagt ut på ansattportalen, melder kommunen.