Surnadal: Det er så langt i dag ikkje påvist fleire nye smittetilfelle

Kommuneoverlegen har så langt ikkje fått påvist fleire nye smittetilfelle i dag.  Dette er status klokka 17:50 søndag kveld.

Kommuneoverlege Bjørn Buan i Surnadal kommune  Foto: Surnadal kommune

Nyheter

- Kommuneleiinga vil komme med ei pressemelding etter eit statusmøte i morgon, måndag. Det blir da teke stilling til kor raskt vi kan opne opp att stengde avdelingar/trinn. Eventuelle fleire nye påviste smittetilfelle vil bli inkludert i denne pressemeldinga. Smittesporingsarbeidet pågår framleis med nokre få lause trådar. Det er kommuneoverlege Bjørn Buan som opplyser dette søndag kveld.


Nok et smittetilfelle påvist

Kommuneoverlegen i Surnadal har i kveld fått melding om eit påvist smittetilfelle med covid-19  knytta til testing i regi av den pågåande smittesporinga.