Politiet fekk seg ein kavring i møte med publikum

Det hende eit kvart i løpet av døgnet i byane i Møre og Romsdal som fekk politiet til å reagere.
Nyheter

Her er nokre av hendelsane.

Fredag kveld, melder politiet på Twitter, fekk politiet melding om ein mannsperson som verka ustabil i byparken i Ålesund. Da politiet kom til staden, slo vedkommande til ein politibetjent. Politiet opprettar sak på forholdet, og vedkommande blei køyrt i arrest.

I Ålesund klarte ein mann som blei tatt på fersken mens han urinerte på gata og krangle seg inn i arresten da politiet kom til staden. Mannen blir anmeldt for ordensforstyrrelser og urinering.

I Kristiansund blei to unggutar tatt da dei sparka ned gjerde. Gutane lova og gjere opp for seg og politiet anmelder ikkje saka.

I Ålesund blei ein rusa mann tatt med i arresten etter å ha forsøkt å hindre politiets arbeid. Han fekk gjentatte pålegg om å fjerne seg utan å ta det til seg. Mannen blir anmeldt.

I Molde fekk politiet melding om fleire rusa ungdommar som skapte støy og bråk ved ein bensinstasjon. Politiet drog til staden og viste bort ein del personar, samt sende nokre bilar vekk frå staden. Ein bil blei og avskilta pga. dårleg teknisk stand.